Om oss

Vest Geomatikk AS er dotterselskapet til Fosse Maskin og Transport AS, har base på Voss og leverer komplette tenester innan geomatikk og landmåling i vestlandsregionen.

Presisjon å bygga på

Vest Geomatikk vart starta våren 2023 som dotterselskap til bygg- og anleggsverksemda Fosse Maskin og Transport AS.

Dagleg leiar og deleigar Joakim Stabæk har bakgrunn som vegplanleggar for Multiconsult, stikkingsingeniør for Peab og geomatikar for Skanska.

Vest Geomatikk sin misjon er å gjera entreprenør- og anleggsarbeid betre, tryggare og meir effektivt ved å levera presise terrengmodeller og geomatikktenester.

Avansert teknologi og 
tradisjonelt handverk

Me held oss oppdaterte på det siste nye innan dronekartlegging, maskinstyring og digitale verktøy.

Denne teknologien kombinerer me med tradisjonelle landmålingsteknikkar for å finna den mest høvelege og effektive måten å hjelpa deg på.

Kvifor velja Vest Geomatikk?

Presisjon

Det er det me lever av, rett og slett. Me garanterer for presisjonen i modellane våre, slik at du har eit sikkert grunnlag å bygga vidare på i prosjektet ditt.

Tilpassing

Me tek alltid utgangspunkt i kunden sitt behov, og finn fram til den mest kostnadseffektive og smarte løysinga i kvart prosjekt.

Teknologi

Me held oss oppdaterte på den teknologiske utviklinga i fagfeltet vårt, for å kunna levera eit best mogeleg produkt til kunden.

Joakim Stabæk
Dagleg leiar
413 06 358
joakim@vestgeomatikk.no
LinkedIn

Send meg ein e-post

Lurar du på noko?

Er du interessert i å høyra meir om kva me kan hjelpa deg med? Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Joakim for ein uforpliktande prat!